Om «Huset Vårt»

«Huset Vårt» er eit koseleg eldre hus ved sentrum i Hornindal, like ved Anders Svor-museet og Hornindalsvatnet - Europas djupaste innsjø.

Fleire funksjonar

«Huset Vårt» har i dag 3 hybelhusvære til utleige, og 6 doble/enkle rom med til saman 10 sengeplassar for overnatting med sjølvhushald. Her er også selskapslokale for mindre arrangement som konfirmasjon, barnedåp, jubileum, minnesamver og liknande. Lokala eignar seg godt til kurs og møte.

Dugnadsinnsats

Det har vore gjort eit omfattande restaureringsarbeid i «Huset Vårt». Restaureringsarbeidet har delvis vore gjort av innleigde, lokale handverkarar, men det ligg og ein svært stor dugnadsinnsats bak restaureringa. Restaurering og oppgradering av bygningen går framleis føre seg.

«Huset Vårt» tek i mot gjestar heile året, og blir i dag drive av ei driftsgruppe.

«Huset Vårt» blir til

«Huset Vårt» er eit staseleg tømmerhus i ny-klassisistisk stil som vart reist på slutten av 1930-talet. Huset var i bruk som aldersheim frå 1939 til 1981. Det var og legekontor i bygningen. Men huset har opp gjennom åra hatt mange funksjonar i tillegg, mellom anna som samlingsstad for ulike aktivitatar, som utleigebustad og som barnehage. Då barnehagen flytta ut, vart huset ståande tomt nokre månader, og ein var inne på tanken å rive huset og bygge trygdebustadar på tomten. Det var då at fleire eldsjeler i Hornindal heilhjarta gjekk inn for at den gamle aldersheimen framleis skulle vere eit samlingspunkt. Det fylkeskommunale «Liv laga»-prosjektet skulle bli ein viktig faktor i arbeidet for å berge bygningen. «Huset Vårt» kom med i prosjektet i 1993, og deretter fekk ein økonomisk støtte til restaureringsarbeidet. I mai 1994 vart partslaget Huset Vårt BA skipa, med om lag 60 partslutar eigde av private partseigarar.

Les meir om historia til «Huset Vårt».
Huset Vårt
Adresse Urdene 11
6763 HORNINDAL
Norge