Hornindal Frivilligsentral
Hornindal Frivilligsentral er eit kontaktpunkt mellom dei som ynskjer å yte ein ubetalt innsats i nærmiljøet/lokalsamfunnet og dei som ynskjer å ta imot eit slikt tilbod. Frivilligsentralen fungerer som ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og det offentlege.
AktivitetarFritidsklubben, seniortreff, småbarnstreff (tysdag), Trim for Alle, brukarstyrt kafè (måndag), amtombringing, hobbykurs og prosjekt av ulike typar.

Vi har og ein dyktig "vaktmeister" som vi låner ut til ulike oppdrag.
Har du tankar om aktivitet vi kan ta til med så gje oss eit tips :)