Om Hornindal

Hornindal ligg sentralt til på Nordvestlandet og er eit godt utgangspunkt for dagsturar til kjente reisemål som Geiranger, Briksdalsbreen, Vestkapp, Trollstigen, Kalvåg, Nordangsdalen, Runde og Ålesund.

I gangavstand frå Huset Vårt finn ein dagligvarebutikkar, bensinstasjonar, frisør og andre butikkar og tenester. Vidare er Anders Svor Museum å finne like ved Huset Vårt.

Hornindalsvatnet, som er den djupaste innsjøen i Europa, byr på ulike vassaktivitetar. Hornindal med dei mange sidadalane byr på fint turterreng med fleire merka stiar, fjellvatn og fine gamle setrer.

Skisenteret i Grendadalen i Hornindal byr på svært gode snøforhold i om vinteren, og har skitrekk og preparerte løyper for alpint og langrenn.

Hornindal er rik på folkemusikktradisjonar, treskjering og kunsthandverk.

Hornindal byr på fleire aktivitetar gjennom året, mellom anna fotballturneringa Grodås Cup, ultraløpet Hornindal Rundt, Hornindalsvatnet Marton og Kulturdagane.


Reiseruter, avstandar og aktuelle flyplassar

WEBCAM: Hornindal akkurat no
Huset Vårt
Adresse Urdene 11
6763 HORNINDAL
Norge